Vil du bli ein del av administrasjonen i Vindafjord kommune?
Vindafjord kommune Kommunikasjon og service
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Konsulent i 100 % vikariat i perioden frå 02.01.2025 til 30.09.2025. Stillinga er knytt til avdeling kommunikasjon og service som held til på Rådhuset i Ølen.
Hovudarbeidsoppgåver:- Daglege driftsoppgåver i arkivfunksjonen, blant anna postmottak, journalføring og innsyn.
- Sakshandsaming.
- Driftsoppgåver knytt til lønn, fakturabehandling og innkjøp.
- Betjening av skranke og sentralbord.
- Oppfølging av spørsmål og oppgåver til som kjem inn til avdelinga.
- Andre fellesoppgåver som avdelinga er ansvarleg for kan bli tillagt stillinga.
- Fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Arbeidsspråket er nynorsk.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Strukturert og nøyaktig.
- Fleksibel og tilpasningsdyktig.
- Serviceinnstilt og gode samarbeidsevner.
- Fagleg nysgjerrig.
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2802289
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3433805_229885_nn