Medarbeidar -- deltid og ferie
Førde Bowling
Halbrendsøyra 2, 6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bowlingmedarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, deltid 20%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Er du over 18 år og ønskjer deg ei ekstra inntekt og nye erfaringar? Kanskje er du student med eit altfor beskjedent stipend, ein ung ufør som vil bevege deg varsamt ut i arbeidslivet, eller du allereie jobbar på heiltid men likevel har masse overskotsenergi? Sjå ikkje lenger! Her får du mykje arbeid for pengane, fleksible vakter og trivelige fordelar.
Arbeidet som bowlingmedarbeidar inneber i hovudsak å samhandle med gjestane i bowlinghallen, ta imot reservasjonar og matbestillingar, ressursstyre og koordinere bowlingbaner, veilede, trøyste og juble, servere mat, drikke, og gnagsårplaster, ta betalt, løyse enkle tekniske og mekaniske hickups og av og til reingjere etter meir omfattande gastronomiske fuckups. Ein betydeleg del av arbeidet i ein bowlinghall består av reinhald som vi møter med mot og velvilje, både heilskapleg og flekkvis.
Vi ønskjer oss ein ny medarbeidar som er trygg på kundesamtala, og som er positiv, imøtekomande og sjølvgåande. Det skadar ikkje om du óg har kjennskap til bowling frå før.Vi har nulltoleranse for patologisk rævsitting og manisk mobilfikling i arbeidstida, og høyrer helst berre frå deg som er villig til å jobbe, og å bidra med det du kan, for at kundane våre skal få ei skikkelig god oppleving medan dei er hjå oss.
Det er ikkje naudsynt å sende oss nokon formell søknad, CV, kopi av førarkort, uttømande politiattest, psykologevalueringar eller anna for å kvalifisere til denne stillinga. Vi er mest opptekne av kven du er -- og ikkje minst -- kva vi kan få til ilag.
Håpar å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Førde Bowling er ein liten bowlinghall i Førde med seks konvensjonelle, mekaniske bowlingbaner som nokre gonger fungerer som dei skal. Vi har eit heilt eige kjøken/laboratorium, tøffe selskaps- og møtelokale og ein liten bar med kjærkomne, men ufullstendige skjenkerettar. Hallen er koordinert frå kundemottaket ved hovudinngangen til hallen, og administrert frå mobiltelefonen til bowlingsjefen.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2870154
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6c904fe6-fe52-46b2-9186-980acb05facf