Sommarvikar / Tilkallingsvakt
Om stillinga
Me søkjer etter dyktige og engasjerte sommarvikarer /tilkallingsvakter ved Telemark og Vestfold ungdomshjem, avdeling Miljøheimen. Ved Telemark og Vestfold ungdomshjem har me tru på at alle menneska har like stor verdi og er like verdifulle. Me møter mennesker der dei er, har tru på at menneske utviklar seg i samspel med omgjevnaden sin og må vera deltakar i eige liv. Me er ein statlig barneverninstitusjon som har eit stort fokus på å samarbeide med kommunal barnevernteneste, skule og psykisk helse. Ved Telemark og Vestfold ungdomshjem har me Traumebevisst omsorg som fagleg forståelsesramme. Det kjem til syne i måten me møter og forstår ungdommane og deira familie /foresatte på. Avdelinga er inne i ein spennende periode med implementering av Standardisert forløp og er under opplæring av Omsorg og endringsmodellen som bygger på prinsipp fra DBT (dialektisk atferdsterapi ) behandling i institusjon. Tilkallingsvakter kan bli tilkalla på dag, natt, kveld ved sjukdom eller anna fråvere.
Kva får du jobbe med hjå oss?
- Praktisk arbeid i avdelinga.
- Utredning og kartleggingsarbeid med standardiserte vektøy.
- Utøve god omsorg og grensesetting ut fra eit traumebevisst perspektiv.
- Deltaking i faglig arbeid og utvikling.
- Sette seg inn i og holde seg oppdatert på målsettingar, tiltak, planar og rutiner.
Kva bakgrunn har du?
- Krav til miljøterapeut er minimum 3-årig høgskuleutdanning som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar. Lærarar og sykepleiarar med relevant vidareutdanning kan også søke. 2. og 3. års studentar på relevant høgskulenivå innafor godkjent helse - og sosialfagleg utdanning kan også søke som tilkallingsvikarar.
- Det er ønskeleg med erfaring innanfor institusjonsarbeid med ungdom eller anna relevant helse - eller sosialfagleg arbeid.
- Andre med annen relevant utdanning eller erfaring kan også søkje.
- Må førekort klasse B.
- Må ha erfaring i bruk av dataverktøy.
Kven ser me etter?
- Du som har evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig, målretta og løysingsfokusert.
- God evne til å kommunisere både med ungdom og vaksne.
- Evne til å motivere medarbeidarar og ungdommar.
- Vere i stand til å ta i mot veiledning.
- Vere i stand til å handtere situasjonar med stress og fysiske utageringar.
Me tilbyr
- Stillingane er plassert i statlig lønsregulativ i stillingskode for miljøterapeutar 1489 i lønsramme 15 alt. 5 - 11, p.t. kr 386 200 - 523 200 pr år (ltr 40 - 59), stillingskode 1534 som spesialutdanna miljøterapeut, lønsramme 18, alt. 5 - 11, p.t. 456 400 - 563 700 pr år (ltr 51 - 63) for miljøterapeuter med relevant videreutdanning tilsvarende 60 stp. Stillingskode 1488 miljøterapeut lønsramme 17, alt. 3 - 11, p.t. kr 354 500 - 456 400 pr år (ltr 33 - 51). Stillingskode 1486 miljøarbeidar lønsramme 04, alt. 5 -11, p.t. kr 324 600 - 393 000 pr. år (ltr 25 - 41)
- Løn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring. Ykesskade - og gruppelivforsikring.
- Arbeid etter einkvar tids gjeldende turnus.
- Arbeid på en institusjon i fagleg utvikling.
Opplysningar til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at me kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ynskjer me oss medarbeidere med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar me deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar me inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg me til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillingane er for tida lagt til Telemark og Vestfold ungdomshjem avd. Miljøheimen.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Me kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Kontaktinformasjon
Avdelingsleiar Hjørdis R. Saupstad, mobil: 466 18 245 eller epost: hjordisr.saupstad@bufetat.no
Miljøterapeut/stedfortredar Tom Erik Homme, mobil: 466 18 251 eller epost: tom-erik.homme@bufetat.no S
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne siden
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingssttorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region sør dekker Agder, Vestfold og Telemark, samt tidligere Buskerud fylke. Regionkontoret ligger i Tønsberg.