Fagarbeidar/pleiemedarbeidar - helgevikarar
Omtale av stillinga
Husnestunet og Halsnøytunet er institusjon for eldre pleietrengande i Kvinnherad kommune. Halsnøytunet har to avdelingar, heimetenester og bufellesskap, medan Husnestunet har tre avdelingar.
På begge stadene søkjer vi etter helgevikarar, som inngår i turnus med arbeid annakvar helg eller kvar tredje helg. Som tilsett hos oss vil du arbeide med oppfølging i høve stell og pleie av pasientar og vera ein del av den daglege drifta på husa. Om du er under ei helsefagleg utdanning, så kan dette kombinerast, og gje deg ei god erfaring. Arbeidstida kan kombinerast med studiar.
Kvalifikasjonar
- Under helsefagleg utdanning, eller interesse for å gjera ein innsats for andre
- God munnleg norsk framstilling
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.