Prosjektstilling: Konservator/førstekonservator i nynorsk skriftkultur
Nynorsk kultursentrum skal styrkje det kulturfaglege arbeidet og lyser ut ei mellombels stilling som førstekonservator i nynorsk skriftkultur. Arbeidsstaden er Aasentunet i Ørsta, nær fagmiljøa ved Høgskulen i Volda.
Du får jobbe med å byggje opp kunnskapsgrunnlaget til ei ny basisutstilling i Aasentunet. Arbeidet består i å forske og samle kunnskap om tema som nynorsk i samfunnet, nynorsk litteratur og framveksten av nynorsk skriftkultur. Aktuell fagbakgrunn kan vere frå fleire humanistiske og samfunnsvitskaplege fag, til dømes journalistikk, litteratur, historie, filosofi, nynorsk skriftkultur, lingvistikk eller kunsthistorie.
Forskinga i Nynorsk kultursentrum tek utgangspunkt i nynorsk språk og litteratur, samlingane våre og dei emna og temaa vi formidlar. Det er stort rom for å finne relevante og interessante forskingsprosjekt innanfor desse rammene. Den som blir tilsett, byggjer sjølv relevante nettverk og samarbeid for vidare kunnskapsutvikling. Det er sett av tid til eiga forsking i stillinga.
Døme på forskingstema til eiga forskingstid kan vere
-- nynorsk i samfunnet
-- nynorsk litteratur
-- framveksten av nynorsk skriftkultur
Det er ein fordel med formell kvalifisering som ph.d., førstekonservator NMF, førsteamanuensis, professor, førstelektor eller dosent.
Det er krav om å ha publisert minst éin fagfellevurdert artikkel.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur, både digitalt, gjennom arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje.
Den som blir tilsett, må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn i tråd med det lokale lønssystemet.
Stillinga er ledig frå no og fram til 31.12.2022. Kontorstaden er Aasentunet i Ørsta.
Send ein søknad med CV, publikasjonsliste, minst eitt vitskapleg arbeid og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 24. mai 2021 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt avdelingsleiar Tone Slenes: tlf. 91 51 88 22.
Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.
Om bedriften
Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur, både digitalt, gjennom arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje.