Lærar ved Åheim skule
Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Ospelida 4, 6146 Åheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
18. november 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. november
Det er ledig vikariat som lærar ved Åheim skule ut skuleåret 2024-2025.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer tilsette med god kompetanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med på å skape eit profesjonsfellesskap.
Åheim skule treng lærar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna. Vikariatet er på 100%, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide redusert stilling etter avtale.
Kvalifikasjonar
- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil blir vektlagt i intervju og ved referanse
Personlege eigenskapar
- utviklings- og løysingsorientert- ein klar, robust og tydeleg klasseleiar
- god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
- omgjengeleg, initiativrik, fleksibel.
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- delta i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremje eit godt skule-heim samarbeid
- tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån opp til 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.Kontaktinformasjon
Ole Martin Brudevoll, rektor Åheim skule, 98892465, ole.martin.brudevoll@vanylven.kommune.noArbeidsstad
Ospelida 46146 Åheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4883929073
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.11.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 27.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790510
- Hentet fra
talentech
- Referanse
08329680d8fa4d8fb85ccff52d6bd486