Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske på flukt?
Hjelmeland kommune Flyktningetenesta
Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Stillingstittel
Flyktningkonsulent 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Me har ledig ei 100 % fast stilling som flyktningkonsulent med tiltreding 1. august eller så snart som mogleg etter dette.
Som flyktningkonsulent vert du leiar for flyktningetenesta i Hjelmeland kommune. Flyktningetenesta har, i samarbeid med mange av kommunen sine andre tenester og virksomheiter, ansvar for gjennomføring av busetting, koordinering av tenester og oppfølging av introduksjonsprogram for eit tal flyktningar kvart år. Målet er å integrere personane i det norske samfunnet, og hjelpe dei vidare inn i både utdanning og yrkesliv.
I 2022 vart det busett 55 flyktningar i Hjelmeland, og så langt i 2023 er det busett omlag 30 nye personar.
Flyktningetenesta består av ein programrådgjevar og tre miljøarbeidarar, i tillegg til flyktningekonsulent. Tenesta kjøper undervisning til introduksjonsprogrammet frå Ryfylke Læringssenter i Strand kommune.
Arbeidstida vil stort sett vera på dagtid, men i periodar på kveldstid.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Leie flyktningetenesta med fag- og personalansvar
- Samordne og koordinere introlønn, etableringstilskot o.l.
- Kontaktperson for IMDI, NAV, Fylkeskommunen og andre viktige aktørar
- Samordna tiltak frå ulike instansar
- Vere superbrukar på fagsystemet, for tida Visma Flyktning
- Hovudansvarleg for diverse søknadar og rapporteringar
- Bidra og bistå knytta til andre oppgåver i flyktningetenesta
Kvalifikasjonar og vilkår
- relevant 3-årig utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- god allmennkunnskap
- kjennskap til offentleg sakshandsaming
- kompetanse innan rettleiing
- generell kunnskap om arbeidslivet/kvalifisering- og utdanningstilbodet
- bestått språkopplæring på nivå B2
- førarkort kl. B
- erfaring med integreringsarbeid er ein fordel
Me søkjer etter deg som
- har gode samarbeidsevner
- er strukturert, løysningsorientert og kreativ
- er interessert i tverrkulturelt arbeid
Me tilbyr
- eit godt arbeismiljø
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2358397
- Sist endret
13. juni 2023
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3178819_205421_nn