Ledig fast 85 % stilling som helsefagarbeidar ved Aurland helsetun
Me har ledig
fast 85 % stilling frå 01.11.2020
Arbeidsoppgåver
- bistå brukarane i daglege gjeremål som t.d. personleg hygiene og matsituasjon
- dokumentasjon i journalsystemet Gerica
- tverrfagleg samarbeid
- medikamentutdeling etter bestått medikamentkurs
Me søkjer deg som
- er motivert til å jobbe innan eldreomsorga
- kan samarbeide med andre, arbeide sjølvstendig og målretta
- kan sjå løysingar og samanhengar
- kan iverksetje, følge opp og avslutte tiltak
Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling og endring
- høve til fagutvikling - med spennande arbeidsoppgåver der det vert jobba
systematisk med kvalitetsutvikling for å skape ein god kvardag for bebuarane - gratis bruk av trenings-/styrkerom
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som helsefagarbeidar
- søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Om bedriften
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.