Interessert i både miljøarbeid og leiing?
Fjaler kommune Miljøtenesta
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vi søkjer etter teamleiar i miljøtenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Miljøtenesta har ledig ei 100 % fast stilling som teamleiar. I denne stillinga ser vi etter deg som er interessert i å jobbe med både miljøarbeid og leiing. Miljøtenesta yt bistand til menneske med ulike fysiske og psykiske funksjonsnedsettingar uavhengig av alder.
Varierte og givande arbeidsoppgåver
Som teamleiar i miljøtenesta vil du få ansvar for at brukarane får helsefremjande, rehabiliterande, førebyggjande og lindrande omsorgsfagleg bistand for å oppfylle den einskilde sine mål.
I di leiarrolle legg du til rette for god tenesteyting og kvalitetsutvikling. Helsetenestene er i utvikling og vi har kultur for kontinuerleg forbetring av tenestene til det beste for brukarane. Du får jobbe saman med dyktige og erfarne medarbeidarar og saman skal de halde fram med eit godt arbeidsmiljø i teamet, og til å ha eit godt samarbeid med dei andre einingane innan helse og omsorg.
Saman med tilsette og tenesteleiar har du ansvar for å sikre gode og forsvarlege tenester til brukarane. Du får samhandle med brukarar, verge, pårørande og tilsette ved andre einingar i kommunen. Som teamleiar får du ansvar for den daglege drift av tenesta, personalansvar, samt ansvar for turnusplanlegging og internkontroll.
Sjansen til å utvikle deg
Hjå oss vil du få interessante og faglege utfordringar og sjansen til å utvikle deg som leiar. Du vil jobbe tett opp mot din tenesteleiar og får moglegheit til å jobbe med både tilsette, brukarar, pårørande og samarbeide med andre einingar. Din innsats vil vere synleg og bli sett stor pris på. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan fagområdet leiing, turnus m.m.
Kva seier dei som jobbar i Miljøtenesta i Fjaler om jobben sin?
«Eg syns at det er utruleg kjekt å komme på jobb. Ein blir alltid møtt med eit smil og vi hjelper kvarandre for at vi skal ha det godt på jobb»
«Det er så motiverande å sjå kor dyktige dei eg jobbar saman med er med brukarane. Og korleis vi på ulikt vis kan finne fram til ei løysning, og så delar vi erfaringar»
«Det å vere ny i praksis og føle at ingenting er dumt å spørje om, er ein god følelse. Det bidreg til at ein lærer mykje meir og at ein blir meir motivert til å gjere ein god innsats» - sjukepleiarstudent.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har helse-, sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på fagarbeider- eller høgskulenivå. Det er ynskjeleg at du har erfaring med leiing av medarbeidarar innan helse og/eller omsorg. Det vil være eit fortrinn dersom du har kompetanse innan fagområda i miljøtenesta, men kompetanse innan leiing blir vektlagt.
Vi ser etter deg som har gode IKT-kunnskapar, gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg og som har har førarkort klasse B. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding.
I rolla som leiar må du være god på kommunikasjon og samarbeid. Du er oppteken av tverrfagleg samarbeid og er strukturert, fleksibel, tydeleg og positiv. Vi legg vekt på at du er personleg egna til stillinga og eigenskapar innan leiing vert tungt vektlagt.
Vi tilbyr
Leiarutvikling og relevant kurs for stillinga. Du vil få leiarstøtte og delta i ei mentorordning. I denne stillinga får du ein meiningsfull arbeidskvardag og eit godt arbeidsmiljø. Du vil få løn etter utdanning, relevant erfaring og ansiennitet og vi har svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Arbeid på dagtid, med fri helg og høgtid.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809297
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3431961_173795_nn