Renholder operasjon 2 stillinger
Operasjon Molde, Helse Møre og Romsdal HF
6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Renholder operasjon 2 stillinger
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 3. januar
Vi er i ein spennande fase der vi førebur oss på overgangen til eit moderne sjukehusbygg, berre 20 minutt med bil frå Molde sentrum.
Ved operasjonsavdelinga har vi i dag eit team på ni tilsette som arbeider i tredelt turnus med dag-, kveld- og nattvakter. Når vi flyttar til SNR, vurderer vi å auke bemanninga, og dette vil bli avklart i tida framover.
Ved operasjonsavdelinga treng vi fleire dyktige renhaldarar som ønskjer å vere ein viktig del av arbeidsmiljøet vårt, der kvalitet og teamarbeid står i fokus.
Midlertidig stilling med moglegheit for fast tilsetjing i løpet av 2025.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvaret for renhaldarane ved operasjonsavdelinga er å utføre renhald i avdelinga.
- Utføre anna førefallande arbeid, som påfylling av utstyr og delegert arbeid knytt til anestesi.
- Ansvar for å fylle på utstyr og halde orden på lageret.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som renhaldar er ønskjeleg.
- Alternativt erfaring frå renhald med eit ønske om å ta fagbrev.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å forstå og bruke norsk.
- Gode samarbeidsevner.
- Arbeidsglad og komfortabel med ein hektisk arbeidskvardag.
- Endringsvillig og fleksibel.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kirsti Hoemsnes, seksjonsleiar, kirsti.hoemsnes@helse-mr.noArbeidsstad
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4894704679
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2818948
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c75b70b371de4d8d8483b6e3978dfdfc