Våken nattevakt i turnus x 3. Mellombels tilsetjing i inntil 1 år. Alver Kommune - Avdeling heildøgntenester, Psykisk helse og rus
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Psykisk helse og Rus Presentasjon av stillingen :
Vil du arbeida saman med oss og vera med på å vidareutvikle tenester til mennesker med psykiske helse- og/eller rusproblem? Har du engasjement for fagfeltet og deler raust omsorg, kunnskap og erfaring med andre?
Då ynskjer vi akkurat deg til å arbeide saman med oss.
Om avdelinga:
Avdeling heildøgnbemanna butilbod er samansett av tre omsorgsbustader pluss og ein institusjon som gjev tenester til mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den enkelte. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging.
Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet.
Bustadene er lokalisert på Lindås, Knarvik og Manger.
Stillinga
Vi har 3 ledige stillingar som våken nattevakt herav 2 X 62,45 % og 1 x 59,12 %. Arbeid kvar 3. helg.
Stillingane er ei mellombels tilsetjing i inntil 1 år.
Arbeidsstaden er for tida Radøy Interkommunale Busenter på Manger.
Vi søkjer etter deg med helse og sosialfagleg kompetanse, med erfaring og engasjement for fagfeltet psyikisk helse. Tiltreding snarast råd.
Kompetansekrav:
Fagarbeidar innanfor helse og sosialfag. Erfaring med arbeid innan psykisk helse- og rusfeltet.
Sertifikat kl. B.
Det vert krav om godkjent politiattest før tilsettjing.
Arbeidsoppgåver
Individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø utifrå behov og målsetting med miljøterapeutiske tiltak.
Delta i kvalitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd.
Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod.
Vi ser etter deg med følgjande kvalifikasjonar
Du som har engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus. Du som har arbeidserfaring frå feltet og er trygg i møte med andre.
Du som tek ansvar og kan ta sjølvstendige avgjersler. Du som er initiativrik, fleksibel og trives i arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse.
Ved tilsetjing blir det lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
Fagutvikling
Rettleiing
Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk
Pensjonsordning i KLP
Søknad sendast
Søknad og CV må registrerast elektronisk i vårt søknadssystem på www.alver.kommune.no
https://www.alver.kommune.no/ledige-stillingar/
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Marita Årseth, Mobil +47 47459711, Epost: marita.aarseth@alver.kommune.no
Om bedriften
Avdeling heildøgnbemanna butilbod er ei eiga avdeling med tre bufellesskap for mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar. Avdelinga består også av ein institusjon for menneske med langvarige psykiske lidingar. Avdelinga har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den enkelte. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging.
Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metoder er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet.
Avdelinga har to bustader lokalisert på Lindås, ein i Knarvik og ein institusjon på Manger.