Sjukepleiar
Org. nr: 978 609 716 Stillingsident: 4094768714 Presentasjon av stillingen:
Hareid kommune har ledig fast 75 % stilling som sjukepleiar. Arbeidstida er i turnus og f.t. natt. Stillinga er organisert i eining for heimeteneste i sektor for velferd. Du må rekne med å bistå på sjukeheimsavdelingar ved behov.
I turnus har vi fagutviklingsdag kvar 6. veke. Dette er positivt for fagutvikling og arbeidsmiljø. Som sjukepleiar på natt inngår du i natt-teamet i kommunen. Dette teamet skal i fellesskap bidra til gode og forsvarlege tenester i sektor for velferd. Vi ønskjer ein sjukepleiar som deltek positivt inn i teamet, og som vil vere med på å skape gode helsetenester i tida framover.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege tenester
- Kartlegge, vurdere og gjennomføre tiltak
- Arbeide tett saman med dei andre tilsette i teamet
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Krav
- Politiattest
- Smittevernkontroll
Personlege eigenskapar
- imøtekomande
- evne til samarbeid og skape gode relasjonar
- sjølvstendig og ansvarsbevisst
- fleksibel, løysingsfokusert og utviklingsorientert
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon
- evne til å tenkje heilskapleg, førebyggjande og tverrfagleg
- oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
Vi tilbyr
- opplæring
- du vil arbeide i lag med engasjerte kollegaer i eit godt miljø
- arbeidsoppgåvene er varierte og interessante
- løn etter sentrale og lokale avtalar
Generelt
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju etter nærare avtale.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følgje.
Kontaktinformasjon
Nils Arne Skagøy, Kommunalsjef
Hanne Marte Sukka, Einingsleiar, 476 82 834
Arbeidsstad
Rådhusplassen 5
6060 Hareid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sektor for velferd
Referansenummer:4094768714
Stillingsprosent: 75%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 21.06.2019
Om bedriften
Hareid - så uendeleg full av opplevingar og mulegheiter!
Kultur- og fritidsopplevingar står i kø. Fjellet, fjorden og dei store naturopplevingane ventar på deg.