Prosjektkoordinator for forskingsinfrastrukturprosjekt i geovitskap (forskar 1109)
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektkoordinator for forskingsinfrastrukturprosjekt i geovitskap (forskar 1109)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. mars
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wForskar 1109
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei forskarstillingstilling som prosjektkoordinator for eit forskingsinfrastrukturprosjekt.
Dei første 4,5 åra av stillinga er knytt til det eksternt finansierte prosjektet EPOS-Noreg – Forskningsinfrastruktur for geofarer (EPOS-NG) og vil hovudsakleg fokusere på administrativ prosjektleiing. Det vil vere rom for noko (~20%) forskingsaktivitet innanfor stillinga. EPOS-NG har som mål å vere den leiende infrastrukturen for forsking på geofarer i Noreg. Komplementært til EPOS ERIC og basert på forskingsinfrastruktur utvikla under EPOS-Noreg (EPOS-N) fase 1, vil EPOS-NG etablere nye instrumentpools (seismometere, havbotnseismografar, distribuert akustisk sensing og distribuert temperatur- og strekksensing-instrumentering, transient elektromagnetisk målekapasitet, piezometer, sjølvpotensialsensorar og bakkebasert interferometrisk radarsystem) som er tilgjengelege for geovitarar i Noreg. Vidare vil EPOS-NG utvikle ein toppmoderne dataportal for å gi tilgang til eit breitt spekter av geovitskapsdata samt rekne- og visualiseringstenester. Etter dei første 4,5 åra er vidareføring av stillinga avhengig av eksternt finansierte prosjekt.
EPOS-NG-konsortiet består av seks av dei leiande institusjonane innan fastjordsforsking i Noreg. Prosjektleiaren er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet. Prosjektkoordinator som skal tilsetjast vil støtte leiaren i dei daglege aktivitetane knytt til prosjektet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi ser etter ein prosjektkoordinator med forskingsbakgrunn, som vil vere ansvarleg for følgjande hovudoppgåver:
- Støtte prosjektleiaren i drifta av EPOS-NG-prosjektet.
- Skrive og overvake prosjektleveransar, milepælar og periodiske rapportar.
- Vere ansvarleg for intern og ekstern kommunikasjon knytt til administrativ prosjektleiing.
- Organisere prosjektmøte.
- Representere og forklare prosjektet på nasjonalt og internasjonalt nivå.
- Bidra til formidlingsplanen for prosjektet og vere ansvarleg for registrering av prosjektpublikasjonar og data.
- Støtte overordna prosjektleiing, relatert til for eksempel kontraktar og budsjett.
- Støtte datastyring innan prosjektet og overvake oppdateringar av datastyringsplanen.
- 20% av stillinga vil gå til tverrfaglege forskingsaktivitetar knytt til EPOS-NG-infrastrukturen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor geovitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Dokumentert erfaring med prosjektkoordinering, helst innan vitskapleg forskingsinfrastruktur, er eit krav.
- Kjennskap til prinsipp for datastyring og regelverk, spesielt GDPR og FAIR-prinsippa, er ein fordel.
- Tverrfagleg forskingserfaring er ein fordel.
- Søkjarar må ha sterke organisatoriske evner og overblikk, med evne til å handtere fleire oppgåver og prioriteringar.
- Søkjarar må ha framifrå kommunikasjonsevner på engelsk, både skriftleg og munnleg, med evne til å engasjere samarbeidspartnar og brukare på alle nivå.
- Norskkompetanse er ein fordel.
- Evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel må dokumenterast.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilskapleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stillinga er klassifisert som ei forskarstilling og følgande premiss er lagt til grunn for stillinga:
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under.
- Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansierte. Slik finansiering er sikra gjennom EPOS-NG for dei første 4,5 åra, utover denne perioden vil vidareføring av stillinga vere avhengig av tilgjengeleg ekstern finansiering.
- Mot slutten av EPOS-NG vil forskaren aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmiddel til fagmiljøet, til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
- Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
- Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
- Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
- Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskings-gruppa.
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa tar slutt. Ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vert då gjeldande.
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 624 500 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Forskar 1109 i fast stilling kan søke om opprykk til forskar 1183 på grunnlag av kompetanseerklæring. Meir informasjon finst her: https://www.uib.no/matnat/125590/opprykk-til-forsker-kode-1183
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om søkjaren sin prosjektleiingserfaring, forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ein kort (1 side) forskingsplan.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden, må du levere ei stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Mathilde B. Sørensen, Institutt for geovitenskap, epost: mathilde.sorensen@uib.no eller Dr. Juliano Ramanantsoa, Institutt for geovitenskap, epost: Heriniaina.J.Ramanantsoa@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig