Helsefagarbeider i helgestilling ved Nissedal omsorgssenter
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 16%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Er du vår nye kollega?
I eining for velferd, avdeling Nissedal omsorgssenter, har me ledige stillingar og vil gjerne ha deg med på laget. Du vil få ein fin gjeng kollegaer som er dedikerte, engasjerte og fagleg dyktige. Omsorgssenteret har 12 langtidsplassar, fordelt på skjerma og somatisk avdeling. Me søker deg som likar å jobbe i institusjon og som ynskjer å bidra til gode dagar for våre bebuarar. Eininga har mykje spennande på gang innan fag og kompetanseutvikling, så du vil ha mogeligheiter for å utvikle deg både fagleg og personleg. Me har au innført årsturnus, slik at du er med på å legge din eigen turnus for eit år av gangen. Du kan velje mellom fleire ulike alternativ både med tanke på helg og langvakter/ ordinære vaktar.
Me håpar akkurat DU søkjer hjå oss!
Fylgjande stillingar er ledige:
To faste helgestillingar som helsefagarbeidar inne på omsorgssenteret, ledig frå snarast -- Id 2024/368
Kvalifikasjonar:
- Autorisert helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
- Ev. studentar innanfor fagfeltet
- Engasjert og omsorgsfull
- God munnleg og skriftlig kommunikasjonsevne
- Fleksibel og løysningsorientert
- Sjølvstendig, samtidig som at du har gode samarbeidsevner
- Respekt, forståing og empati for bebuarane, pårørande og kollegaer
- Høg arbeidsmoral
- Medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og eit arbeidsmiljø
- Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, men det er ikkje eit krav
Me tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
- Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
- Lønn etter avtale. Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting for høgskulepersonell
For stillingane gjeld: Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar. Vanlege løns- og pensjonsvilkår. Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Send søknad på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 28.04.24.
Om bedriften
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2619990
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6a43770e-44d1-4883-a3c7-1d7574268536