Overlege
Org. nr: - Stillingsident: 4470363049 Presentasjon av stillingen:
Helse vest RHF godkjente våren 2021 "Regional plan Sikkerhetspsykiatri 2021-25". I planen vert det lagt opp til ei styrking av det sikkerhetspsykiatriske behandlingstilbodet. Sikkerhetspsykiatrien er definert som eit fagområde innan spesialisthelsetenesta. Fagfeltet er organisert for å ta hand om pasientar som har ein alvorleg psykisk sjukdom, og som representerer ein risiko for seg sjølv og/eller andre gjennom valdeleg åtferd.
Spesialisert behandling Valen sjukehus
Valen sjukehus ligg under Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna. Ved sjukehuset er det 4 døgnpostar og ein poliklinikk; Akuttpost, Psykosepost, Sikkerhetspost, Sikker/rehabilitering og eit ambulant sikkerhetsteam (AST). Sikkerhetspsykiatrien i Helse Fonna har ein funksjon for regionen Nord-Rogaland, Sunnhordland og Indre Hardanger. Faggruppa omfattar overlege med spesialitet i psykiatri, psykolog , lis.lege, sosionom, psykiatriske sjukepleiarar , aktivitør og miljøpersonell.
Det sikkerhetspsykiatriske behandlingstilbodet i Helse Fonna HF er i dag organisert med døgnbehandlingsplassar og poliklinikken AST . Pasientane er i hovudsak innlagt etter Lov om tvunge psykisk helsevern. Einingane tek og imot pasientar som er dømd til behandling. Dei fleste pasientane har trong for behandling og rehabilitering som varer over tid, frå nokre månader til fleire år i særskilde høve. Diagnostisk omfattar pasientgruppa primært spekteret frå psykotiske tilstander innan schizofrenispekteret, bipolar liding, rusutløyste psykosar, reaktive polymorfe psykosar og ulike former for personlegdomsavvik. Angst og depresjon, tilbaketrekking og kontaktvanskar pregar dei fleste.
Spesialisert behandling Valen sjukehus har ledig 100% overlegestilling som i hovudsak er knytta til Eining for sikkerhet og rehabilitering.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av pasientar innlagt ved Eining for sikkehet og rehabilitering
- Vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern og dom til behandling
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Inngår i bakvaktssystem for legar.
- Rettleie legar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon.
- Godkjent spesialist i psykiatri.
- Kunnskap til EPJ med både DIPS og Meona
- Vedtakserfaring
- LiS som er nær spesialisering kan tas i betrakning
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og engasjert
- Tålmodig og evne til å knytte relasjon
- Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- Fleksibel og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
-
t godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette. Som overlege tilsett i Helse Fonna har ein eit fast kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.Valen sjukehus ligg i naturvakre Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret Husnes ligg like i nærleiken med service og handlesenter. Regionen kan i sommarhalvåret by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.
-
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Avdelingsleiar, (+47) 53466407
Karl-Heinz Escher, Avdelingsoverlege, 53466400
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4470363049
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.04.2022
Søknadsfrist: 20.02.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.