Koordinator
Norsk koordineringssenter for blodberedskap (Nokblod), Laboratorieklinikken/ Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Helse Bergen
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Koordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.
Vi søker etter ein medarbeidar til senteret som skal ivareta administrative oppgåver for administrasjonen i senteret. Det er ein spennande nyoppretta stilling, og du får vere med å utforme arbeidsdagen din. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land. Koordinator vil ta del i å administrere og arrangere kurs både lokalt, nasjonalt og internasjonalt samt organisere senterets interne møteaktivitet og sekretæroppgåver. Koordinator vil arbeide tett med senterleiar. Ein må pårekne noko reiseaktivitet. Stillinga høyrer organisatorisk til Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Administrative oppgåver i samarbeid med senterleiar
- Koordinering av kurs
- Legge til rette for interne og eksterne møte, og organisere seminar og møte knytt til senteret sin aktivitet
- Informasjons- og kommunikasjonsarbeid både internt og eksternt knytt til senteret sin aktivitet
- Oppdatere senteret si webside og sosiale medium
- Utarbeiding av rapportar og søknadar
- Leiarstøtte for senterleiar
- Praktiske oppgåver knytta til gjennomføring av prosjekt
Kvalifikasjonar
- Erfaring fra administrativ arbeid og/eller kommunikasjonsarbeid er ein føresetnad
- Helsefagleg bakgrunn er ein fordel
- Kompetanse innan IT og statistikk vil bli vektlagt
- Det er ein fordel å ha kontaktar innan transfusjonsmedisin nasjonalt og internasjonalt
- Det er ein fordel med erfaring frå militærmedisinsk transfusjonsmedisin eller tilsvarande
- Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg
- Personlege egnethet blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert
- Du arbeider sjølvstendig og tar initiativ
- Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
- Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og triveleg miljø
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Torunn Oveland Apelseth, Seksjonsoverlege, 55972492, ovto@ihelse.netArbeidsstad
Haukelandsbakken 155021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4897103180
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2845644
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7c69a5fca0704025a4906e641ca749ac