Lærar i naturbruk- og landbruksfag, 3 stillinger
Ved Gjermundnes vgs er det frå 1.august 2019 ledig 3 stk undervisningsstillinger (100% fast)
Vi søkjer etter dyktige lærarar i naturbruk- og landbruksfag, med vekt på landbruksteknikk og planteproduksjon.
Les meir om skulen på nettsida www.gjermundnes.vgs.no.
Du får jobbe med
- undervisning
- rettleiing og oppfølging av elevar
- evt. kontaktlærarrolle
- fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med andre lærarar
- andre oppgåver som høyrer til lærarrolla
For å jobbe hos oss som lærar må du
- ha relevant faglig og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar
- beherske norsk språk godt, både skriftleg og muntleg
- kunne undervise både i teoretisk og praktisk del av programfaga
- trivast i lag med ungdom
- vere ein god klasseleiar
- ha digital kompetanse
Vi tilbyr
- gode moglegheiter til fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
- løn etter avtale
Andre opplysninga
Vi har som mål å spegle mangfoldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, vegar og kollektivtransport, tannhelsetenester, samfunns- og næringsutvikling. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningarGjermundnes vgs har dei siste åra hatt om lag 120 elevar. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.