Politioverbetjent/spesialist - Fagleiar SO - Vest politidistrikt - Driftseining Hordaland - Seksjon for etterforsking
I Vest politidistrikt, for tida driftseining Hordaland, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent/politispesialist SKO 1456 med funksjon som fagleiar seksuelle overgrep (SO). Stillinga er organisatorisk plassert ved Seksjon for etterforsking i GDE Hordaland og er stadsplassert på Voss.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å organisere, leie og sikre god kvalitet og effektiv oppgaveløysning, innan SO-saker, i samsvar med gjeldande lovverk, reglar, instruksverk, og politidistriktet sine føringar. Oppgåvene skal løyses saman med seksjonsleiar etterforsking og straffesaksansvarleg i lokale tenesteeiningar
- Ansvarleg for å rettleie og følgje opp etterforskarar
- Etterforsking av eigen portefølje
- Medansvar for å innstille og prioritere ansatte til kurs/studier innan faget i eininga
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Tilfredstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 3
- Minimum 5 års erfaring frå etterforsking
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar
- God IT- og systemkompetanse
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- Erfaring og utdanning frå etterforsking innan SO blir vektlagt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk i ein hektisk arbeidskvardag
- Vere nytenkande innan fag og metode
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Vi tilbyr
- Stillinga som politioverbetjent SKO 1456 med funksjon som spesialist blir lønna frå ltr 67/ kr 597 400,- til ltr 70/ kr 631 700,- brutto per år
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Jan Ludvik Fosse, Tenesteeiningsleiar, 97710678
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Voss
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201809833
Fast stilling
Søknadsfrist: 20.02.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3985928109&company_id=3733481084&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.