Avdelingsleiar Kulatoppen institusjon
Org. nr: 820 956 532 Stillingsident: 4205373036 Presentasjon av stillingen:
Kulatoppen institusjonhar ein tenesteleiar som har ansvar for heile institusjonen, ilag med 2 avdelingsleiarar. Du blir ein del av vårt dyktige leiarteam som har brukaren i fokus og synest utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon er verdifullt. Ein av våre avdelingsleiar skal ut i permisjon, og vi treng vikar frå 1. juni.
Arbeidsoppgåver
Du får vere med på å vidareutvikle avdelingane og bygge eit godt og faglig sterkt arbeidsmiljø. Du blir med på omdømmebygging av avdelinga di og er medansvarlig for at kvaliteten på tenester som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune og omsorgstenesta har satt.
Arbeidsoppgåver
Konkret vil du ha dagleg ansvar for drift av avdelinga:
Dagleg fordeling av arbeid- nytte arbeidsplan som verktøy
Innleige ved fråver-oppdatere RS ved fråver, attestere timelistar
Delta i utarbeiding av turnusar
Oppfølging av sjukemeldte tilsette
Ta faglege avgjerder i samarbeid med tilsette og avdelingsleiar
Kreativt kunne oppretthalde økonomisk balanse i lag med avdelingsleiar
Kvalifikasjonar
3 årig høgskule
Praksis/erfaring som leiar ingen ulempe, men ikkje noko absolutt krav. Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som er CosDoc og RS.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer deg som har lyst til å jobbe som leiar, og:
er strukturert og tydeleg
er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra
likar endring og likar å jobbe i team
er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
likar å ha ansvar og tek ansvar
er lojal
Vi tilbyr
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer avdelinga.
Dagtid 5dg/veke.
Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning.
Vi legg til rette for vidareutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon
God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår.
Kontaktinformasjon
Margaret Maijer, Tenesteleiar Kulatoppen omsorgssenter, 47469765, Margreet.maijer@kinn.kommune.no
Arbeidsstad
Kulatoppen
6718 Deknepollen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4205373036
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.06.2020
Sluttdato: 15.08.2021
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
Kinn kommune blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi 1600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.