Er du ein engasjert person som brenn for miljøarbeid?
Fjaler kommune Helse og omsorg
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar eller assistent i BPA 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som fagarbeidar eller assistent i BPA (brukarstyrt personleg assistanse).
Vi ser etter deg som likar å jobbe med menneske, har fokus på tilrettelegging og brukarmedverknad, og som vert motivert av faglege utfordringar. Har du utdanning innan helse/sosial, kan du vere den vi søkjer etter.
Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert, då gode evner til relasjonsbygging er viktig i denne stillinga. Det er ope for langvakter om ynskjeleg eller todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus med oppstart i februar/mars kvart år.
Du blir tilsett i Fjaler kommune, men tenestene er organisert som brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men er organisert slik at brukaren har større innverknad på sin eigen kvardag. Som tilsett jobbar du tett opp mot brukar i kvardagen. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Lurer du på om dette kan vere noko for deg, så håper vi du tek kontakt med oss.
Arbeidsoppgåver
• Bidra til å skape gode kvardagar saman med brukar
• Bistand i daglege gjeremål for brukar
Kvalifikasjonar
• Utdanning innan helse/sosial
• Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid utan fagbrev vil og bli vurdert
• Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
• Beherske norsk munnleg og skrifteleg
• Vi vektlegg at ein er personleg eigna til stillinga
Personlege eigenskapar
• Sjølvstendig, ansvarsbevisst, engasjert
• God på å kommunisere og bygge relasjonar
• Strukturert
• Gode samarbeidsevner og godt humør
• Fleksibel
• Tydeleg
Vi tilbyr
• Løn etter utdanning og erfaring
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786274
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3425351_142011_nn