100% stilling som kundehandsamar/merkantil ved Renovasjonen
Ullensvang kommune Renovasjon
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ledig fast stilling som kundehandsamar/merkantil- stillingsstorleik 100%
Er du miljøinteressert, strukturert og serviceorientert? Då kan denne stillinga vere noko for deg!
Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Som kundehandsamar/merkantil vil du saman med verksemdsleiar, avdelingsleiar og renovatørar jobbe for at våre abonnentar skal få ei god og miljøvenleg renovasjonsteneste.
Gjenvinningsbransjen er i rivande utvikling. Avfall er ikkje lenger berre eit problem, men og ein ressurs. Gode renovasjonstenester gjer at avfall kan resirkulerast og bli til nye produkt, og er slik ein viktig medverknad til berekraftig utvikling.
Arbeidsoppgåver:
Handtering av kundeførespurnader
Sakshandsaming
Informasjon til abonnentar
Oppfølging næringsrenovasjon
Diverse dokumentarbeid knytt til HMS, internkontroll m.m.
Ynskte kvalifikasjonar:
Fagutdanning innan kontor- og administrasjonsfag eller tilsvarande.
Anna relevant erfaring vil og verte vektlagd.
Gode digitale eigenskapar
Gode lese- og skriveeigenskapar i norsk
Personlege eigenskapar:
Ansvars- og kvalitetsbevisst
Serviceinnstilt
Gode samarbeidsevner
Evne og vilje til fleksibilitet
Miljøengasjert
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Spennande arbeid
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2630421
- Sist endret
13. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3340635_193345_nn