Ferievikarar i pleie og omsorgstenesta
Årdal kommune Pleie og omsorg
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. februar
Heimetenesta / institusjonane treng i tida 23.06.25 – 17.08.25 ferievikarar i følgjande stillingar:
HEIMEHJELPTENESTA:
Heimehjelparar i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
Det er arbeid på dagtid.
PERSONLEG ASSISTANSETILTAK:
Helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i brukarane sin heim.
Turnusarbeid.
ÅRDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid innan pleie.
Turnusarbeid.
PRODUKSJONSKJØKKEN:
Kokk/assistentar til arbeid på produksjonskjøkken og kjøkken ÅBO.
Turnusarbeid.
SEIMSDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar ( studentar/ elevar) og assistentar til arbeid i pleie.
Turnusarbeid.
HEIMESJUKEPLEIEN:
Årdalstangen har kombinert arbeid i ute sone og 1. etg. Årdal sjukeheim. Øvre Årdal har 2 soner ( ute og ÅBO ). Vi treng sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar.
Turnusarbeid. Du må ha førarkort.
KORTTIDSAVDLINGA ÅBO:
Sjukepleiarar/sjukepleiestudentar.
Turnusarbeid
Løn og tilsetjingsvilkår
Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg.
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovudtariffavtalen). 2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.
Andre opplysningar
Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande. Søknadsfristen kan bli utvida.
I hovudsak må du vera over 18 år, men yngre enn 18 år vil og bli vurdert innan enkelte områder.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg og du må pårekna å arbeide heile ferieperioden.
Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstjenester.
SØKNADEN MÅ INNEHALDE:
Kva stillingar og kvar du søkjer (i prioritert rekkefølgje). Du må skriva i søknaden om du har førarkort, oppgi telefonnummer og e-postadresse.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2804216
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3435813_229361_nn