Lyst til å vera med å gjera ein skilnad?
Vindafjord kommune Sandeid bufellesskap
Østbøvegen 9, 5585 Sandeid
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/3 åreg helse og sosialfaglegutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me søker:
Dersom du er oppteken av faget ditt og har eit ynskje om å utvikla deg, så er dette ei stilling du bør søkje på. Hos oss kan du vera med å gjera ein skilnad. Me har no ei 100% fast stilling ledig frå 01.08.2024.
Om eininga:
Tilrettelagde tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlasting, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter. Eininga kjøper også tenester som dagtilbod og BPA. Det er 4 avdelingar i tilrettelagde tenester. Tre av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa. Stillinga er turnus med langvakter kvar 4 helg.
Eining tilrettelagde tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmeistring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Sandeid bufellesskap:
Sandeid Bufellesskap er eit bufellesskap som gjev heildøgntenester til menneske med psykisk utviklingshemming og nedsett funksjonshemming. Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Me er svært oppteken av brukarmedvirkning , kompetanse og interesse for faget.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Bistand og hjelp til mennesker med utviklingshemming og funksjonsnedsetting etter vedtak/behov
- Medikamenthandtering
- Rettleiing og opplæring av tilsette
- Lage og oppdatere tiltaksplanar
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar:
Vernepleiar, andre med høgskule innan helse og sosialfagleg utdanning. Arbeidserfaring med menneske med psykisk utviklingshemming og utfordrande åtferd er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar:
Me søkjer deg som har:
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
- Sertifikat
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:
- Intern undevisning
- Vidareutdanning med støtte frå arbeidsgjevar
- Helgeavtale-> meir løn for antal helgetimar du arbeidar
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2637222
- Sist endret
15. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3343217_230985_nn