DRIFTSLEIAR
Hardanger Biogass AS er ein del av det grøne skiftet og skal utvikle, bygge og drifte eit biogass-anlegg på Husnes Industriområde og tar sikte på å produsere totalt 80 GWh fornybar flytande biogass (LBG) til bruk i industri og transport. Produksjonen skjer gjennom ein lukke utrotningsprosess av ulike substrat som til dømes husdyrgjødsel og fiskeslam. På den måten inngår produksjonen i ein sirkulærøkonomisk samspel som erstattar fossile energikjelder. Hardanger Biogass AS er ein del av Vireo AS som og har eit liknande prosjekt på gang på Lista i Farsund Kommune.
For å få til planane våre ønskjer vi å tilsette ein positiv og løysingsorientert driftsleiar som skal vera med oss frå tidleg i prosjekteringa og heile vegen inn i drifta. Personen vi ser etter bør ha teknisk kompetanse for drift av prosessutstyr, ha gode kommunikasjonsevner og vere praktisk løysingsorientert.
Vi tilbyr ei stilling i ein framtidsretta og grøn bransje som er i rivande utvikling.
Stillinga vil ha stor påverknad på praktisk utforming av biogassanlegget.
Den personen vi tilset vil etter kvart få personalansvar og inneha driftsansvaret av anlegget når dette etter kvart er på plass.
Ta kontakt med dagleg leiar Reinhard Lund-Mikkelson på reinhard@lumire.no eller direkte på telefon +47 909 73 982
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.