Miljørettleiar, 80 % vikariat
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
Firdavegen 21, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar - 80 % vikariat
Oppstart
5. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. februar
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 60 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppen modellen og i samarbeid med nettskulen i Vestland fylkeskommune.
Frå snarast og til 20.06.2025 har vi ledig 80 % vikariat som miljørettleiar.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein person som kan vere med og styrke open skule tilbodet ved Firda vgs og som kan følgje opp enkeltelevar i skulekvardagen. Den som vert tilsett må rekne med at noko av arbeidstida vert lagt til kveldstid. Det er ønskjeleg at personen som vert tilsett har bakgrunn frå arbeid med ungdom.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med høgare utdanning innafor arbeid med ungdomPersonlege eigenskapar
Du har eit sterkt engasjement der elevane er i sentrumDu er ein tydeleg og varm vaksen
Du er opptatt av eleven sitt beste
Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer
Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
Du bidreg til å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 12.02.2025.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf 415 30 885.
Kontaktinformasjon
Hallgeir Hansen, rektor , 41530885Arbeidsstad
Firdavegen 216823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4916958205
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 05.02.2025
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 12.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Hallgeir Hansen
rektor
41530885
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2852417
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1114e409cf8042e8a4c5fabfa53ebb55