Bioingeniør/Avdelingsingeniør
Org. nr: - Stillingsident: 4271105877 Presentasjon av stillingen:
Mikrobiologisk avdeling, Helse Førde har ledig 100% stilling i eit års engasjement for bioingniør/avdelingsingeniør. Tilsetting etter avtale.
Arbeidstad er Mikrobiologisk avdeling, Førde sentralsjukehus, med tilsaman 23 tilsette.
Avdelinga er organisert i einingar for bakteriologi inklusiv substrat, serologi og molekylærbiologi samt ekspedisjon.
Avdelinga har ei rotasjonsordning som inkluderer arbeid ved fleire av einingane.
Dagarbeidstid, og det kan bli aktuelt med kveldsvakter. Vedkomande må delta i laurdags- og helgedagsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Utføre laboratoriearbeid etter godkjende prosedyrar og i tråd med gjeldande lover og regelverk.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør. Søknader med liknande utdanning vert vurderte
- Erfaring frå arbeid ved medisinsk mikrobiologisk laboratorium vil bli tillagt stor vekt.
- Må kunne godt norsk både munnleg og skriftleg.
- Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Fleksibel, nøyaktig og løysingsorientert.
- Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Eit triveleg arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Sjukehuset kan hjelpe til med å skaffe bustad.
Kontaktinformasjon
Torill Aarø, Seksjonsleiar, 578 31 554
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6807 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4271105877
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 17.08.2020
Sluttdato: 16.08.2021
Søknadsfrist: 12.08.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.