Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4413948973 Presentasjon av stillingen:
80 % fast stilling ledig for tiltreding 30.08.2021
Stillinga er tilknytt Borgundheimen bokollektiv med turnusarbeid dag, kveld og 3. kvar helg
Arbeidsoppgåver
- Bidra til forsvarleg pleie til brukar.
- Handtere/hjelpe i akutte innleggingar/situasjonar.
- Rettleiing og opplæring av anna personale, elevar og brukar/pårørande.
- Samarbeide med fastlegar og sjukehus pluss anna tverrfaglig samarbeid
- Ansvar for medikamenthandtering ved bokollektivet i samarbeid med heimesjukepleia Borgund
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg).
- Kan jobbe sjølvstendig og effektivt, både aleine og i team.
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel.
- Vilje til å stå på.
- Bidrar til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for brukarane.
- Du må vere strukturert og løysningsorientert
- Sjølvstendig og fleksibel.
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling.
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fokus på kvardagsmeistring.
- Kompetanseheving og fagutvikling.
- Mulegheiter for å ha innverknad på tenestetilbod.
- Godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Gerd Cathrin Pilskog, Avdelingsleiar, 70 16 29 74
Ann Elin Melbø Myklebust, Verksemdsleiar, 70 16 31 55/ 901 41 650
Arbeidsstad
Borgundgavlen 52
6015 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4413948973
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 30.08.2021
Søknadsfrist: 27.09.2021
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.