Engasjert lærar i samfunnsfag og bistandsarbeid
LÆRAR AFRIKA; Bistand og Safari
Hardanger folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Det betyr at skulen er uavhengig av livssyn og gir eit pedagogisk tilbod på brei humanistisk grunn. Alle er velkomne uavhengig av livssyn, politisk ståstad, etnisitet og legning! Hardanger folkehøgskule er ein open og inkluderande skule som set eleven i sentrum. Det betyr at vi møter alle menneska med openheit og respekt på ein fordomsfri måte.
Hardanger fhs er ein allmenndannande skule som skal gjera ein skilnad i ungdommens liv. Å skapa trivsel og læring for elevane er ein nøkkelfaktor for alle tilsette.
++Skulens verdiar er;++
· Fellesskap
· Respekt
· Engasjement
++På skulen vektlegg vi bl.a;++
Samarbeid, engasjement, læringsglede, fellesskap, likebehandling, samhold og utvikling.
Vi har eleven i sentrum og vektlegg erfaringslæring. Undervisninga skal vera praktisk retta utfrå ein solid teoribase. Elevane skal utvikla seg både fagleg, sosialt og personleg ila året og læraren skal tilretteleggja for dette.
Vi har ledig fast 100 % stilling. Det er ein føresetnad for tilsetting at linja får nok elevar til å starta opp. Stillinga vil ha hovuddelen av undervisninga lagt til linja;
AFRIKA BISTAND og SAFARI
Afrika, Bistand og Safari er eit nytt linjetilbod på Hardanger Folkehøgskule. Globalt fokus, bistandsarbeid, afrikansk historie, tradisjon og politikk, demokratiutvikling, fattigdomsproblematikk og solidaritet er sentrale tema.
Øst-Afrika er hovudreisemål for linja og vi ser etter ein person som har sentrale kunnskapar om dette området generelt. I tillegg må du ha interesse for og kunnskap om bistand, afrikansk historie og politikk, konfliktområde, fattigdomsproblematikk og utviklinga av Afrika i vår tid. Elevane skal også engasjerast i bistandsarbeid og hjelpearbeid lokalt og nasjonalt.
Linjelærar har stor fridom til å utvikla og forma innhaldet på linja. Du må ha pågangsmot, arbeidsvilje, kunnskapar og reiselyst. Du må vera glad i å formidla dine kunnskapar til elevane og ha eit godt lag med ungdomar. Du har ansvaret for det fagleg og det sosialpedagogiske innhaldet på linja. Det er viktig å kunne byggja eit godt miljø.
Du må pårekna mange reisedøgn i dette arbeidet. Linja er på tur i ein månad samanhengjande. Det er tillagt sosialpedagogisk arbeid med tilsynsplikt til stillinga.
++Du har:++
· Reiseerfaring
· Kunnskap om internasjonale forhold, særleg om hjelpearbeid
· Kjennskap til og kunnskap om Afrika, særleg Uganda, Tanzania og Kenya
· Erfaring frå og/eller kunnskap om bistands-/hjelpearbeid, organisasjonar og organisering av aksjonar og innsamlingar.
· Erfaring frå folkehøgskule som lærar eller stipendiat.
· Kan samarbeida med Strømmestiftelsen
++Du er:++
· er ein inspirerande formidlar og glad i å reisa
· er ein trygg, tydeleg og aktiv klasseleiar
· har fokus på relasjonsbygging og gode miljø
· likar å arbeida i team
· er fleksibel i fht arbeidstid
· snakkar godt engelsk
++Kvalifikasjonar:++
· lærarutdanning/godkjent undervisningskompetanse med pedagogikk
· internasjonal politikk, samanliknande politikk
· interkulturell forståing, samfunnsgeografi,
· sosialantropologi, afrikansk historie
· vi legg stor vekt på at du er personleg eigna for jobben.
Den som vert tilsett må vera sterkt delaktig i utvikling og organisering av linja og marknadsføring på sosiale medier. Du må pårekna mange ute/-reisedøgn i stillinga.
Oppstart 1.august 2019
Spørsmål om stillinga skal rettast til rektor Trond Instebø, tlf. 53671400 / 92038505. Søknad med CV og referansar skal sendast til kontor@hardanger.fhs.no
Søknadsfrist ; 17. mars 2020
Om bedriften
Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som er uavhengig av livssyn. Vi gir eit pedagogisk tilbod på brei humanistisk grunn.
Vi tilbyr 6 linjefag innanfor Idrett, Frilufsliv, Cosplay, Hundeliv, Bistand og Solidaritetsarbeid.