ID 1969 Lærlingar
Stord kommune er ein spanande og variert arbeidsplass der du vil få utvikla deg både fagleg og personleg.
Stord kommune skal ta inn 25 nye lærlingar i 2023.
Me tek inn lærlingar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget og IKT servicefaget, byggdriftar*, anleggsmaskinførar*, målar* og brannførebyggjarfaget (feiar).
Meir informasjon på www.stord.kommune.no/fagopplaring
Elevar i vidaregåande skule søkjer gjennom www.vigo.no innan 1. mars og sender i tillegg elektronisk søknad til Stord kommune.
OBS! I tillegg til elektronisk søknad til Stord kommune, må du senda inn kompetansebevis og relevante attestar innan1. mars . Desse skal sendast via eDialog: eDialog - send sikker digital post til oss - Stord kommune.
Frist for å sende søknad til kommunen er ++1. mars++.
*Lærlingeinntak i desse faga forutset godkjenning som lærebedrift.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.