Tilkallingsvikarar i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune
VI SØKJER ETTER TILKALLINGSVIKARAR VED SURNADAL SJUKEHEIM, HEIMETENESTA OG I BU-OG AKTIVITETSTENSTA
Kvalifikasjonar:
- ønskeleg med fagbrev
- fordel med praksis frå liknande arbeid
- førarkort kl. B er nødvendig i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta
- kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar:
- gode samarbeidsevner
- evne til å arbeide sjølvstendig
- fleksibel
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleeing
- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Skriv litt i søknadsteksten om kor du helst kan tenkje deg å arbeide.
Det er krav om tilfredsstillande politiattest. Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Det blir halde samtale med søkarane. Bekrefta kopiar av attestar og vitnemål er først aktuelt om ein blir invitert til samtale.
DU ER VELKOMMEN SOM SØKAR!
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Stabsfunksjonane til rådmannen er organisert som eiga eining, der ein forutan leiargruppa har Økonomiavdeling, Personal og stab (med arkiv, ekspedisjon/sørvistorg og politisk sekretariat), Næring og utvikling, Digitalisering og IKT og barnehagekonsulent.
Ein stor del av oppgåvene vil vere interne ovafor dei tenesteytande einingane, men også ein god del utadretta oppgåver t.d. i kontakt med næringsliv og innbyggarar elles.