Prosjektleiar Marknadskommunikasjon
Som prosjektleiar hos oss får du varierte og spennande oppgåver innan digital marknadsføring og nettverksutvikling for lokalt næringsliv.
Arbeidsstad er SkaparLINKEN cowork i Sykkylven sentrum.
Arbeidsoppgåver:
· Strategisk kommunikasjonsarbeid
· Produsere og oppdatere innhald for websider, sosiale kanalar og nyheitsbrev
· Arbeid med visuell kommunikasjon, inkludert foto og video
· Koordinere aktivitetar og rekruttere deltakarar
Ønska kvalifikasjonar:
· Utdanning og erfaring frå medie- og kommunikasjonsfagleg arbeid
· God formidlingsevne, skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk
· Sjølvstendig, strukturert og med gode samarbeidsevner
Vi kan tilby eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø med fleksibel arbeidstidsordning. Du bør like å jobbe utadretta og ha mange ballar i lufta på ein gong.
Stillinga vil rapportere til Sykkylven Næringsutvikling, men levere tenester til fleire aktørar og nettverk mellom anna Droneakademiet AS og Sykkylven Industri- og Næringslag.
Du kan vere sjølvstendig næringsdrivande eller bli tilsett i Sykkylven Næringsutvikling AS, som er kommunen si næringsavdeling eigd av både kommune og lokalt næringslag. Selskapet har fleire oppgåver, med mellom anna sekretariat for næringslag, handelsforening og andre lokale selskap.
Om bedriften
Sykkylven Næringsutvikling AS er kommunen sitt næringsselskap, organisert i eit aksjeselskap med kommune og næringslag som hovudeigarar. Formålet er å styrke og utvikle eksisterande og ny næringsverksemd i Sykkylven. Vi held til i SkaparLINKEN i vårt nye "cowork" og nettverksarena, og er virkemiddelapparatet si førstelineteneste med mellom anna Hoppid-tenester og Omstillingsprogram.