Ambulansearbeidar i standby-crew
Ambulanse OMR Nordfjord, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ambulansearbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Ambulansetenesta ligg organisert i avdeling for prehospitale tenester og AMK i kirurgisk klinikk som eigen seksjon. Tenesta har i dag 19 døgnambulansar, 8 dagambulansar i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt over stasjonane i Helse Førde sitt nedslagsfelt.
Tenesta har etablert ei ordning med overtallsbemanning / standby-crew i Nordfjord med tilsette som skal gå i definert arbeidsplan med oppmøte og vaktslutt på Eid. Intensjonen er at funksjonen skal dekkje opp for uføresett fråvær primært for stasjonane i Nordfjord, men eventuelt også i andre område innimellom. Vaktlengda er som ordinær døgnambulanse med vakt på vaktrom, eventuelt vakter på dagbil med omlag 10 timar aktiv tid.
Formålet med ordninga å sikre større grad av føreseieleg drift. Ordninga er primært eit rekrutterings- og stabiliseringstiltak for nyutdanna som kan få fast tilsettingsforhold i standby-crewet i ein periode og kanskje fram til ein søkjer seg over til anna stilling ved ein konkret stasjon.
Søkjar må vere budd på organisatoriske endringar som følgje av nye og endra oppgåver innan fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
- Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
- Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
- Eigentrening og teamtrening
- Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
- Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1
- Utrykkingskompetanse K160 og må gjennomføre vedlikehaldstrening for utrykningsførar
- Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D
- Delta og bestå trinn 2 kompetanse i Helse Førde etter tenesta sin kompetanseplan
- Grunnleggande IKT kunnskap
- Stor arbeidskapasitet
- God fysisk og psykisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Testen kan bli gjennomført i forkant eller i samband med intervju. Nærare informasjon om krava finn du på Helse Førde og ambulansetenesta si internettside.
- Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Politiattest krevst før tilsetting i stillinga etter lov om Helsepersonell § 20a.
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Fleksibilitet med omsyn til intensjonen i ordninga og vakter på ulike stasjonar i området
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
- Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar Prehospital avdeling, 412 86 285Hilde Rotihaug Humborstad, Seksjonsleiar Prehospital avdeling, 415 30 511
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4874942051
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Rotihaug Humborstad
Seksjonsleiar Prehospital avdeling
415 30 511
Frank Haukereid Reksnes
Seksjonsleiar Prehospital avdeling
412 86 285
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2785581
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e99f1eeb35bc43b18413f21100ec3a45