ID 2242 Helsearbeidar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som er motivert, har brukarfokus og ønskjer å bidra med å gje brukaren ein trygg og meiningsfull kvardag. Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. I hovudsak er det to personale på jobb på dag/kveld som samarbeider om arbeidsoppgåvene. Det er varierte oppgåver gjennom dagen, alt frå personleg pleie, tilrettelegging av måltid, kommunikasjon, sosiale aktivitetar og trening. Brukar har stor interesse for musikk og trening, og har basseng som del av treninga. Høyrast dette spennande ut, så legg inn ein søknad.
Det er ledig 80-100% fast stilling for autorisert sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar.
Stillinga har turnus med dag, kveld og langvakter og langvakter kvar fjerde helg.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Bistå brukaren i dagleglivets aktivitetar og aktivitetstilbod
-
Gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar
-
Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnar
-
Bruke kommunikasjonsverktøy
-
Legemiddelhandtering
-
Dokumentasjon gjennom fagsystem
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
-
Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig
-
Har gode samarbeid -- og kommunikasjonsevner
-
Er fleksibel og løysningsorientert
-
Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg
-
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 98474607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097.
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2723860
- Sist endret
5. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
67c1a07a-c878-4905-a507-c261baebb325