Kantor
Kyrkjeleg fellesråd i Vang
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4149332569 Presentasjon av stillingen:
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang?
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedøme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Vi har ca. 1700 innbyggarar og eit godt song- og musikkliv med to korps og to kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.
Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer, ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, trusopplærarar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar, kyrkjegardsarbeidar og snart kantor.
Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og godt arbeidsfellesskap.
Det er ledig stilling som kantor i 80 % stilling frå 01.02.2020Aktuelle arbeidsoppgåver
- Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Samarbeid om trusopplæringsarbeid og skule-kyrkjesamarbeidet
- Ha web-ansvar for kyrkja si nettside, facebookside m.m
- Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
Kvalifikasjonar
Kyrkjemusikalsk kompetanse i samsvar med §3 i Kyrkjemøtet sitt <>. Kantoren går inn i eit nært samarbeid med soknepresten og den staben elles. Vi ønsker oss ein kantor som kan inspirere til song- og kyrkjemusikalsk aktivitet i kyrkjelydane. Vi legg vekt på evne og vilje til å samarbeide, til å ta initiativ og til å arbeide sjølvstendig. I tillegg legg vi vekt på musikalske kvalifikasjonar og at du vil passe godt i staben vår. Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja. Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel. Du treng å disponere eigen bil i jobben.
Tilsetting skjer på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
Vang kommune vil snarleg lyse ut ei mindre stilling som dirigent. Denne stillinga vil kunne tilpassast kantorstillinga.Kontaktinformasjon
Guro Hovda, kyrkjeverje , 412 65 178 , gh575@kirken.no
Ingebjørg Vik Laugaland, sokneprest, il597@kyrkja.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Kyrkjeleg fellesråd i Vang
Referansenr.:4149332569
Stillingsprosent: 80%
Søknadsfrist: 07.11.2019
Om bedriften
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
479843
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4149332569_Kyrkjeleg fellesråd i Vang_webcruiter