ID 1968 Innkjøpssjef - Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum
Sunnhordland innkjøpsforum er eit avtalefesta administrativt kommunesamarbeid. Administrasjonskommune er for tida Stord kommune, men funksjon som administrasjonskommune kan vurderast ved rekruttering av ny innkjøpssjef.
Det er ledig 100% fast stilling som sjef for Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum.
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Organisera innkjøpssamarbeidet i innkjøpsforumet og utarbeida innkjøpsstrategi
- Gjennomføra anbodskonkurransar
- Implementera kontraktar for enkeltkjøp og rammeavtalar
- Bidra til effektive innkjøpsløysingar for medlemskommunane som sikrar oppfølging av gjeldande regelverk
- Støtte og rådgjeving til medlemskommunane i samband med innkjøp.
- Vera ein pådrivar for å ta i bruk elektroniske løysingar
Me ønskjer ein innkjøpsleiar som
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er initiativrik og løysningsorientert
- Er strukturert, analytisk og nøyaktig
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning på bachelor nivå får høgskule, universitet eller tilsvarande.
- Kjennskap til offentleg anskaffing og/eller erfaring frå arbeid med innkjøp vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Utfordrande oppgåver
- Lønn etter avtale
- Gode pensjonsvilkår
Nærare opplysningar får du ved å venda seg til økonomisjef i Stord kommune Marianne Heggholmen Aarbø tlf. 952 50 205 eller personal- og organisasjonssjef i Stord kommune Siren Eldøy Hinderaker tlf. 922 20 894
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum er eit avtalefesta administrativt samarbeid mellom kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Innkjøpsforumet har som føremål å forhandla fram og følga opp innkjøpsavtalar på vegne av dei samarbeidande kommunane og består av del innkjøpsansvarlege i samarbeidskommunane. Innkjøpssjefen er fagleg og administrativ leiar for innkjøpsforumet og har den daglege leiinga av samarbeidet. Samarbeidet skal og fungera som eit fagleg forum for dei innkjøpsansvarlege i deltakarkommunane og samarbeider med andre interkommunale innkjøpssamarbeid.