Sjukepleiar i 80% fast stilling ved kirurgisk sengepost
Org. nr: - Stillingsident: 4288070656 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 2 faste stillingar i 80% stilling for sjukepleiar frå 18.01.2021 . Det er per i dag 3-delt turnus og arbeid kvar 3. helg ved avdelinga.
Sjukehuset har om lag 400 tilsette og er lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland, og i tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.
Litt om Voss:
Voss er ei kulturbygd med 14000 innbyggjarar omkransa av naturskjønne omgjevnader. Her er det mogelegheit for mange ulike aktivitetar året rundt. Ein kan nemne turar i fjellet, rafting, paragliding, rideturar, Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko, samt fleire store skianlegg på vinterstid.
Voss har god kommunikasjon til Bergen/Flesland (ein god time) og austover til Oslo då både Bergensbanen og stamvegen Oslo-Bergen går gjennom Voss.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon
- Den som vert tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg kommunikasjon
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsvillig
- Positiv innstilt
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du meistrar å jobbe tre-delt -turnus
- Du er punktleg og påliteleg
- Du meistrar å handtere fleire oppgåver på same tid
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv(IA) -bedrift
Kontaktinformasjon
Ruth Veen Tveito, Avd.spl., 56533500
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4288070656
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 18.01.2021
Søknadsfrist: 29.09.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.