Sjukepleiar i heimetenesta
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet.
Vi ynskjer oss ein sjukepleiar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidet vil i hovudsak bestå i pasientretta arbeid, oppfylging av pasientar og pårørande i samarbeid med fastlege og/eller spesialisthelseteneste.
Kvalifikasjonar:
• Autorisasjon som sjukepleiar.
Arbeidsoppgåver:
• Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.
• Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
• Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
• Medikamenthandtering.
Vi søker ein person som:
• Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.
• Har gode samarbeidsevner.
• Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
• Er ansvarsfull og stabil.
• Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
• Har stor arbeidskapasitet.
• Bidreg til godt arbeidsmiljø.
• Likar utfordringar.
• Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr:
• Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
• Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor -- med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
• Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
• 35,5 timars veke. Arbeid i turnus med dag-/kveldsvakter og arbeid kvar 3. helg.
• Løn etter avtale.
• Hjelp til å skaffe bustad.
• Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
• Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
• Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.
Tilsettingsvilkår:
• Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.
• Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, mellom anna 6 månadar prøvetid.
• Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest.
• Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Velkomen som søkar!
Aktuelle kandidatar vil bli kalla til intervju ved søknadsfristens utløp.
Ved intern tilsetting kan andre stillingar på avdelinga bli ledige.
Om bedriften
<<Gjer draumen levande>> er kommunen sitt slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte.
Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggjarane våre.