Sjukepleiar/Vernepleiar
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Oppstart
20. januar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 6. mars
Ledige stillingar i Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for psykisk helsevern barn og unge - Døgnseksjon PHBU Ålesund og Molde.
Døgnseksjonen i Ålesund har ledig 2 faste stillingar for sjukepleiar/vernepleiar, på 75% Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Stillingane medfører turnus og f.t arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokkering kan andre stillingsprosentar verte ledig.
Døgnseksjonen, psykisk helsevern for barn og ungdom, er ein del av helsetilbodet til barn og unge med psykiske lidingar i Møre og Romsdal. Vi har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for akutt hjelp og 2 plassar for planlagde innleggelsar.
Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi har ei familieleiligheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med. Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Seksjonen vår behandlar pasientar med ulike diagnosar, og kan karakteriserast som ein allmenpsykiatrisk seksjon.
Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på seksjonen. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi
- Delta i mini-team og følge opp avtalt behandlingsopplegg for pasientane
- Mottak og utskriving av pasientar
- Samhandling med andre seksjonar og samarbeidsinstansar
- Medverke til fagutvikling
- Praktiske oppgåver i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Du trivast med å jobbe i team, samtidig som du kan vere sjølvstendig
- Du trivast med å jobbe i tett samarbeid med både kollega, pasientar og pårørande
- Du er roleg og empatisk
- Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk kvardag
- Du er oppteken av frivillegheit og brukarmedverknad
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidsstad
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4888308196
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 20.01.2025
Søknadsfrist: 06.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2861889
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2721979690484e18a1438573442f061f