Reinhaldsoperatør, 53% fast
LEDIG STILLING SOM REINHALDSOPERATØR 53%
( f.t. Enge skule )
Arbeidsoppgåver
Reinhaldsavdelinga ved Drift og vedlikehald er opptatt av:
o å bidra til eit godt innemiljø med allergiførebyggjande reinhald og ha god reinhaldsstandard
o ansvarleggjere og skape gode haldningar
o minska slitasje på bygningar som igjen vil medføre betre vedlikehald
o vera fagleg oppdatert
o det skal vera ein god arbeidsplass og vi skal yte service for brukarane
o vi har lang røynsle med alle typer reinhald
kompetanse:
Etne kommune søkjer primært etter reinhaldar med fagbrev som reinhaldsoperatør
Fagbrev er ønskjeleg men ikkje eit krav.
Må kunne bruka norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Ein person som er positiv, samarbeidsvillig og serviceinnstilt.
Annan informasjon
Etne kommune kan tilby eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver.
Kommunal pensjon er ein av godane som føl jobben.
Lønn og tilsetjing i samsvar med det kommunale regulativ, eller etter avtale.
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen. Tilsett i pleie og omsorg må i tillegg leggja fram dokumentasjon på negativ MRSA-test.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.