Rådgjevar/sakshandsamar 100 % fast stilling, tekniske tenester
Org. nr: - Stillingsident: 4365827117 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100 % fast stilling som sakshandsamar/ juridisk rådgjevar.
Arbeidsstad
Stillinga er knytt til eininga for tekniske tenester, lokalisert til rådhuset.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av ulike kommunaltekniske saker, mest byggesaker etter plan - og bygningslova og gebyrsaker etter forureiningslova og vass - og avløpsanleggslova.
- Det må påreknast ulike oppgåver innan tekniske tenester sitt virkeområde, med generell lovforståing med omsyn til forvaltningslova, offentlegheitslova, kommunelova og i noko grad andre særlover.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan jus eller det kommunaltekniske fagområdet.
- Røynsle frå og kjennskap til offentleg forvaltning er ønskjeleg.
- Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har tilfredsstillande norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Den som vert tilsett bør ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Strukturert og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner, men som også kan arbeide sjølvstendig
- Er fleksibel og serviceinnstilt
- Kan vise initiativ i høve utføringa av dei oppgåvene som må gjerast
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver og tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- løn etter avtale/tariff
- obligatorisk tenestepensjonsordning
- gunstige låneordningar
- gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Bjarte Hovland, einingsleiar, 97548720, bjarte.hovland@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4365827117
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2021
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.