Er du engasjert og interessert i erstatnings-, forvaltings- og helserett?
Org. nr: 984936966 Stillingsident: 4188324728 Presentasjon av stillingen:
Vi veks stadig og søkjer fleire dyktige sakshandsamarar til faste og mellombelse stillingar for spennande arbeidsoppgåver i klagesakshandsaming innan pasientskadeerstatning.
Vårt overordna mål er å vere eit effektivt klageorgan med høg kvalitet i sakshandsaminga. Fagleg styrke, engasjement, respekt og evne til å vere dynamisk, speglar verksemda og verdiane våre.
Arbeidsoppgaver
Du kjem i hovudsak til å greie ut pasientskadeerstatningssaker og skrive innstillingar for Pasientskadenemnda, som du legg fram under nemndmøta. Du kjem òg til å fatte vedtak etter delegert myndigheit frå nemnda.
Arbeidet er utprega sjølvstendig, men inneber òg samarbeid med ei rekkje eksterne partar som sakkunnige, helseforvaltninga og andre offentlege organ. For erfarne sakshandsamarar kan det i tillegg verte aktuelt å greie ut om juridiske problemstillingar, skrive forslag til høyringssvar, vere til hjelp i regelutviklingsarbeid, bidra i prosjektarbeid eller undervisningsoppdrag o.a.
Det kan komme endringar i organisering og arbeidsoppgåver, slik at andre oppgåver i organisasjonen også kan verte aktuelle. Det kan vidare vere aktuelt å tilby tilsetting i redusert stillingsprosent for søkjarar som av helserelaterte årsaker treng det.
Kvalifikasjoner
Det er eit krav at du
- har juridisk, økonomisk eller samfunnsvitskapleg høgare utdanning på master- eller tilsvarande nivå
- skriv klart og tydeleg norsk og har gode kommunikasjonsevner
Det er ønskjeleg at du har
- nokre års relevant arbeidserfaring frå forsikring, offentleg forvaltning, klagehandsaming, erstatnings- eller helserett
- erfaring frå erstatningsutmåling og bruk av Compensatio eller Ejus vil vere ein fordel
Personlige egenskaper
Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer med fagleg interesse og
engasjement. Fleksibilitet, effektivitet og ei positiv haldning er eigenskapar
vi ser etter. Du
arbeider sjølvstendig og strukturert, og vert motivert av å jobbe mot
individuelle og felles mål.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna
Vi tilbyr
- eit nasjonalt og høgkompetent fagmiljø innan juss og medisin
- godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og gode sosiale tilbod
- tilsetting som førstekonsulent, rådgjevar eller seniorrådgjevar avhengig av kompetanse
- løn: kr 460 000--580 000, særskilt kvalifiserte søkjarar kan få tilbod om høgare løn
- god pensjonsordning, det vert trekt 2 % av lønna som innskot til Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- flotte og moderne lokale midt i Bergen sentrum
Kontaktinformasjon
Live Cathrine Halmø, Avdelingsdirektør, 971 71 981, liha@helseklage.no
Kristine Krokås, HR- rådgiver, 22 99 76 67, krkr@helseklage.no
Arbeidssted
Krinkelkroken 1
5014 Bergen
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage)
Referansenr.:4188324728
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2020
Om bedriften
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage) er ein statleg etat underlagd Helse- og omsorgsdepartementet. Vi er sekretariat for fem nemnder: Pasientskadenemnda, Statens helsepersonellnemnd, Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Apotekklagenemnda. I tillegg handsamar vi klagesaker frå Helfo, Helsedirektoratet, Fylkesmannen, dei regionale helseføretaka, Oslo universitetssjukehus og Luftfartstilsynet. Helseklage har ca. 140 tilsette og kan tilby eit spennande fagmiljø med brei kompetanse innan helserett. Du finn meir informasjon om oss på www.helseklage.no.