Avlastningsbustaden søkjer sommarvikarar
Bømlo kommune har fleire spennande sommarjobbar innan helsesektoren. Avlastingsbustaden ligg driftsmessig under Barne- og familietenesta i kommunen.
Bustaden er tilrettelagt for barn og ungdom med funksjonsnedsetting. Det viktigaste for oss som til dagleg arbeidar i bustaden, er å skapa tryggleik og trivsel for borna og ungdommane. Dersom dette er noko du ynskjer å vere med å bidra til, søk gjerne sommarjobb hjå oss. Søknader vert behandla fortløpande. Me ynskjer at du har høve for å jobbe 6 veker i løpet av sommaren, og spesielt i juli / 14 dagar inn i august månad.
Arbeidsoppgåver
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene. Du vil få introduksjon / opplæring i forkant. Me kan lova deg ein spennande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Dagane hjå oss er veldig varierte, og du vil i stor grad stå fritt til å vera med å planleggja arbeidsdagane sjølv.
Kvalifikasjonar
- Vernepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
Personlege eigenskapar
- Du trivst ilag med barn og unge.
- Du skapar gode relasjonar til andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Spennande tenester med høve for opplæring og utvikling
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Dersom du ynskjer å jobba minimum 6 veker i sommar vil du få kr 10 000 i bonus i etterkant av utført sommarturnus. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen.
Andre opplysningar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. For å arbeida i Avlastingsbustanden må du ha fylt 18 år. Det vil vere ein fordel med førarkort.
Kontaktinformasjon
Helene Magnussen Hovland, 90761281Arbeidsstad
Leirdalen 15430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4607979018
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.