Kombinert fagleiar/reinhaldsstilling, 1 års vikariat
Solund kommune Helse og omsorg
Hardbakke, 6924 Hardbakke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar reinhald, 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Solund kommune har ledig 100% vikariat som fagleiar reinhald med moglegheit for lenging. Vikariatet varer i fyrste omgang for perioden 01.01-31.12.2025 Stillinga er ein kombinert reinhaldar/fagleiarstilling med ca. 60% reinhald og 40% fagansvar. Det er 7 personar i reinhaldarteamet og dette utgjer ca. 4,7 årsverk.
Arbeidsoppgåver som vil ligge til stillinga er mellom anna:
- Leiande reinhaldaroppgåver
- Fagleiar for reinhaldarane
- Utvikling og gjennomføring av rutiner for alle typer reinhald (dagleg, periodisk, nedvask)
- Fagleg utvikling, opplæring og rettleiing av dei tilsette
- Oppfølging og kontroll av forventa kvalitet
Ein må rekne med noko ettermiddag/kveldsarbeid
Kvalifikasjonar:
- Ynskjeleg med fagbrev som reinhaldar
- Erfaring og kursing innan reinhald er ynskjeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Kunnskap om og erfaring med å organisere reinhald og leie eit team
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Positiv, ansvarsfull og engasjert
- Praktisk orientert og systematisk
- Sjølvstendig og målretta arbeidsform
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning i KLP
Velkomen som søkjar!
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800253
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3433463_140887_nn