Helgestillingar
Org.nr.:921244207 Stillingsident: 20/2406 Presentasjon av stillingen :
Førde bu- og miljøteneste, eining 2, yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Personalbasen er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som, hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har no ledig:
- helgestillingar med med arbeid 3. kvar helg. Stillingane har ulike stillingsstorleikar frå om lag 13 % til 28 %.
Dei mindre stillingane arbeider 2 delt turnus, det vil seie dag og kveld. Den største stillinga er nattevaktsstilling.
Vi søker deg som er:
- autorisert vernepleiar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar
Vi oppmodar også andre med erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning blir tilsett i mellombelse stillingar.
Vi søker etter deg som:
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide i team likegodt som sjølvstendig
- er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort klasse B
Vi ønsker at du har:
- kjennskap til kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova
- kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
- erfaring med denne typen arbeid
Studentar som tek vernepleie- eller sjukepleieutdanning har eigen lønnsstige med stigande løn under studiet.
Det vert krevd politiattest av nyare dato før start i stilling. Attestar og vitnemål kan du ta med på eit eventuelt intervju.
Velkomen som søkar! Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Erik Øksenberg Wold, Mobil +47 94809065, Epost: erik.oksenberg.wold@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.