Ambulansearbeidar - Stryn
Ambulansetenesta, Helse Førde
6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Ambulansearbeider Stryn
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ambulansetenesta ligg organisert i avdeling for prehospitale tenester og AMK i Kirurgisk klinikk. Tenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar.
Stryn ambulansestasjon har 13 årsverk og har ein døgnbil og dagbil alle dagar. Stasjonen i Stryn dekkjer primært det geografisk område i Stryn kommune. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og elles døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/kalendarplan.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
- Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
- Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
- Eigentrening og teamtrening
- Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
- Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar
- Førarkort kl. C1
- Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
- Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
- Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.
- Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.
- Stor arbeidskapasitet
- God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.
- Det er ønskeleg med vidareutdanning (årsstudium) som paramedic.
- Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar vektleggast
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
- Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulansearbeidar
- Like å ha det tidvis hektisk og jobbe med høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan
Kontaktinformasjon
Hilde Rotihaug, Kst. områdeleiar, 415 30 511, hilde.rotihaug@helse-forde.noArbeidsstad
Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4839193684
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 31.08.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2718270
- Hentet fra
talentech
- Referanse
87e4c4d0621f416c8a1fe70df01e4391