Assisterande fylkesberedskapssjef
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som assisterande fylkesberedskapssjef, stillinga har kontorstad Leikanger.
Statsforvaltaren har ansvar for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Vestland fylke, og skal vere ein pådrivar i dette arbeidet. Samfunnstryggleik handlar om å førebygge kriser og uønskte hendingar. Kontakten med kommunane står sentralt, og vi skal særleg rettleie, øve og drive tilsyn med oppfølginga av beredskapsplikta til kommunane.
For tida er regional handtering av tryggleikspolitisk situasjon ei omfattande arbeidsoppgåve ved beredskapsseksjonen.
Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar, og beredskapsseksjonen høyrer til i kommunalavdelinga. Seksjonen har mange ulike oppgåver, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.
I tilfelle internt opprykk vert det ledig stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved beredskapsseksjonen på Leikanger. Stillinga vil ha mykje av dei same fagoppgåvene, men ikkje personaloppfølging og andre leiaroppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Støtte fylkesberedskapssjefen i den daglege leiinga av seksjonen. Dette omfattar administrative oppgåver som t.d. verksemdplanlegging/-rapportering, budsjettarbeid og personaloppfølging.
- Beredskapsfaglege oppgåver.
- Støtte opp om evna embetet har til å ta imot, vurdere og vidareformidle varsel og annan viktig informasjon i og utanfor kontortida.
- Saksbehandle oppgåver som ligg til seksjonen, t.d. rettleiing, tilsyn, øvingar, evaluering, risiko-og sårbarheitsanalysar, saker etter plan- og bygningslova og utvikling av totalforsvaret.
- Vere ein del av kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren.
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig utdanning frå høgskule/universitet med relevante fag, gjerne innan samfunnstryggleik eller planlegging (søkjarar med kortare utdanning kan vurderast viss utdanning og praksis er særleg relevant for stillinga).
- Erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå arbeid med samfunnstryggleik eller beredskap, eventuelt planlegging.
- Erfaring frå leiaroppgåver innan beredskapsområdet vert vektlagt.
- Må kunne tryggleiksklarerast.
- Førarkort minimum klasse B.
- God brukarkunnskap innan IKT.
Personlege eigenskapar
- Gode formidlings- og samarbeidsevner
- Innsatsvilje
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga vert lønna som ass. seksjonsleiar, frå kr 680 000 til 730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Rådgjevar/seniorrådgjevar vert lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 550 000 til 650 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av
- fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, telefon 57 64 30 10, mobil 915 77 432, e-post: fmsfhst@statsforvalteren.no
- kommunaldirektør Nils Erling Yndesdal, telefon 57 64 31 20, mobil 957 23 372, e-post: fmsfney@statsforvalteren.no
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 290 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.