Tilkallingsvikar - heimesjukepleia i Midt Telemark
Hjemmetjenester Midt-Telemark
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Hjemmetjenester Midt-Telemark
Type ansettelse
Annet
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I heimetjenesta arbeider ein ute på bygda i private bustadar og inne i omsorgsbustader. Me er så heldige og får farta rundt i denne fine kommunen til alle tider på døgnet og får oppleva det fine kommunen har å by på. Hjelpa til med personleg hygiene, medisinering, ernæring og medikament er nokre av oppgåvene heimesjukepleia utfører.
Heimetjenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, respirasjon, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve.
Me samarbeider på tvers av sonane og fleire ansatte arbeidar i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte på kånn god takhøgde for forskjellige meiningar og mykje innslag av humor.
Me bruker fagdatasystemet Profil i forhold til all dokumentasjon rundt pasientane, og bemanningsverktøyet Ressursstyring i forhold til turnusarbeid, timelister etc.Complio blir brukt i høve til HMS avvik og som kvalitetssystem i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Heilhetleg sjukepleie til brukerane.
- Medisinhåndtering
- Prosedyrer
- Velferdsteknologi
- Journalføring og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar- Autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeider - studenter og andre kan også søke
- God kjennskap til bruk av data som verktøy
- Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune skal gjennomførast før oppstart i stilling.
- Medisinkurs - kan taes på arbeidsplassen
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Er sjølvstendig og evnar å ta avgjersle
- God relasjonskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner
- Har interesse og glede av å jobbe med geriatri
- Løysningsorientert, taklar stress godt
- Du må kunne prioritere dine arbeidsoppgåver og være fleksibel
- Omstillingsdyktig, blid og positiv. Eit "ja" menneske
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Kantine til ansatte
- Gratis parkering
- Internundervisning
Kopi av vitnemål og attestar lastast opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302
Arbeidsstad
Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 4853632653
Søknadsfrist: 31.10.2024
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2733638
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f941cedf51e42c0a37e583730801992