Ledig 100 % helsefagarbeidarstilling i miljøtenesta 20/141
Arbeidet føregår i hovudsak heime hos tenestesmottakar og mykje av arbeidstida vert brukt sjølvstendig. Det kan til tider vera eit hektisk arbeidsmiljø, men her er mykje rom for fag og personleg utvikling.
Ledig 100 % stilling frå 01.03.20
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av mennesker med ulik grad av funksjonshemming
- Primærkontaktansvar og ansvar på andre områder som sikrer gode tenester til brukarane.
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar
- Personlige egenskaper vert vektlagt
Om bedriften
Miljøtenesta i Klepp har 7 basar som gir tenester til menneske med varierande grad av utviklingshemming. Stillingane er knytta opp mot kvar sine personalbasar.
Basen i P. Krohnsveg 27 gir tenester til 19 personar der 8 bur i nærleiken av basen og får døgnteneste. Personane har forskjellig funksjonsnivå, nokre har 2:1 bemanning, nokre 1:1 og andre 1:2. Dei nytter dagtilbod som dagsenter, skule eller forskjellige arbeidsstader. På kveldstid vert dei fulgte på fritidsaktivitetar, har besøk av familie eller har ein roleg kveld heime. Brukarmedverknad står sentralt i tenestetilbodet.