Jordmor
Org. nr: - Stillingsident: 4219673829 Presentasjon av stillingen:
Molde sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Vår seksjon i Molde er ei kombinert føde og barselavdeling med ca 500 fødslar pr år.
Vi er sertifisert som mor/barn-vennleg avdeling, og arbeider etter retningslinjene som ligg i "Et trygt fødetilbud"
Vi har har eit godt arbeidsmiljø, og vi ønsker deg velkomen til å søkje stilling hos oss.
Seksjon føde/barsel i Molde har ledig to faste stillingar for jordmor, begge i 100 % og med startdato snarast. Ved ev intern rokering kan andre stillingar/stillingsbrøkar bli ledig. Søknadene blir vurdert fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Varierte jordmoroppgåver på føde og barsel-seksjon
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som jordmor
- Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
- Politiattest må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig, og også fungere godt i team.
- Vere motivert for fagleg utvikling.
- At ein er personlege egna for stillinga vil bli lagt vekt på.
- Ha evne til fleksibilitet og oversikt
Vi tilbyr
- 3-delt turnus på barsel/fødeavdelinga. det er mulig å arbeide i 12,25 timarsvakter kvar 4. helg
- Lønn etter gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Kurs og internundervising
Kontaktinformasjon
Cecilie Lysgård, Konst. seksjonsleiar, 91106152, cecilie.lysgard@helse-mr.no
Kristin Hoem, Ass.seksjonsleder, Kristin.Hoem2@helse-mr.no
Arbeidsstad
6412 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4219673829
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal