Reinhaldar
Avdeling reinhald
Rådhuset, 6153 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ørsta kommune har ledig stilling som reinhaldar ved Hjørundfjordheimen, Sæbø.
Avdeling reinhald har ansvar for reinhald av kommunale bygningsmasse og er ein del av tenesteområde Teknsik drift og eigedom. Tenesteområde er organisert med med ansvar for kommunal bygningsmasse, reinhald og tenesteyting innanfor park og kyrkjegard, veg, vatn og avløp.
Vi har fokus på eit godt arbeidsmiljø som skal gi oss betre og meir effektiv tenesteproduksjon. Ørsta kommune er inne i ei aktiv utvikling, med mange oppgåver som må løysast i åra som kjem.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald i høve arbeidsplan og behov
- Oppgåver knytt til vaskeri er innlagt i stillinga
- Bruke dataprogram for å registrere og kontrollere utført arbeid
- Følgje retningslinjer innanfor helse, miljø og tryggleik - HMT
- Ansvarleg for godt reinhald på sitt ansvarsområdet
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning, men fagbrev er ynskjeleg
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
- Førarkort klasse B er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du må snakke og forstå norsk
- Ha god ordenssans, vere fleksibel og serviceinnstilt
- Samarbeide godt med andre og ta sjølvstendige val
- Vere fortruleg med bruk av reinhaldsmaskiner og dataverktøy
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei betre og meir effektiv teneste
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
- Fleksibel arbeidstid.
Stillinga vert plassert i kap. 4 i HTA ut i frå formell kompetanse. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting.
For faste stillingar er det 6 mnd. prøvetid.
Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar og røynsle frå tidlegare arbeid.
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Ulf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 951 55 275, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.noAgnieszka Papierska, Avd.leiar reinhald, 950 46 369, agnieszka.papierska@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4845108628
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2726146
- Sist endret
11. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c6d89f663a9647928631709b5e7aae73